Google
Skriv ut print

Vil ha turveg mellom Foldnes og Hjelteryggen

Komité for finans og forvaltning (KFF) ønskjer å få realisert planane om turveg mellom Foldnes og Hjelteryggen.

I vedtaket i møtet i går vert det vist til at delar av kostnadene kan dekkjast gjennom dei ordinære løyvingane til grunnerverv. Restfinansieringa på inntil 2,3 millionar kroner er tenkt innarbeidd i økonomiplanen når kommunestyret vedtek økonomiplanen i neste veke. Vedtaket i komtéen vart gjort mot røystene til Arbeiderpartiet og Venstre. Arbeiderpartiet signaliserte at partiet vil vurdera saka nærare fram til budsjettbehandlinga i kommunestyret i neste veke.

KFF vil ha turveg mellom Foldnes og HjelteryggenKFF vil ha turveg mellom Foldnes og Hjelteryggen
KFF vil ha turveg mellom Foldnes og Hjelteryggen

Denne saka har strekt seg over to tiår, og i øk.onomiplanen er det sett av 1,5 millionar kroner til oppstart av prosjektet. For å realisera etappe 1 (Foldnes kyrkje - Larslivatnet) og etappe 1a (avstikkar til Arefjordpollen) er det altså behov for inntil 2,3 millionar kroner utover tidlegare avsette pengar.

Det er planlagt ein grusveg med ein breidde på tre meter og veglys med 35 meter avstand mellom mastene. Saka vert lagt fram utan tilråding. Rådmannen minner likevel om at det i liten grad er ønskjeleg å opna for nye prosjekt som aukar investeringsnivået. Totalt har prosjektet tre etappar.

Klarsignal for lagerbygg på gjenbruksstasjonen på Straume

KFF godkjente at FjellVAR får byggja nytt lagerbygg på gjenbruksstasjonen på Straume innanfor ein kostnad på 1,3 millionar kroner. Bygget skal lånefinansierast. Komitéen ber om at FjellVAR også utarbeider forslag om å oppføra hall for gjenbruk av møbler o.l.

Oppretta IKT-styringsgruppe

Komitéen vedtok å oppretta ei IKT-styringsgruppe samansett av Gunnar Buvik (H), Janne Monsen (FrP og John I. Brekke (FrP). I tillegg vert arbeidstakarorganisasjonane representert i samsvar med hovudavtalen med deltaking i styringsgruppe og/eller administrativt kartlegging.

Andre saker i KFF

  • FjellVAR får kommunal garanti for lån på 150 millionar kroner som skal finansiera investeringar i nye prosjekt i perioden 2011-2013.
  • Saka om sertifisering av verksemder som miljøfyrtårn vart utsett.



Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
07.12.2011
Sist oppdatert:
07.12.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom