Google
Skriv ut print

Vil hjelpa mor og barn i Tanzania

I september reiser fjellsokningen Birthe Christin Johansen saman med tre andre studentar på Betanien diakonale høgskole på praksisopphald i Tanzania. Dei skal ha åtte veker praksis på Haydom Lutheran Hospital, 300 kilometer vest for storbyen Arusha.

Birthe bur på Spjeld, og innimellom tek ho vakter på Fjell sjukeheim. Ho ser gjerne for seg at ho med tid og stunder søkjer om jobb som jordmor i Fjell.

Gun Irene Kolbeinsen, Nadia Christiansen og Birthe Christin Johansen er klar for studieopphald i Tanzania.Gun Irene Kolbeinsen, Nadia Christiansen og Birthe Christin Johansen er klar for studieopphald i Tanzania.Gun Irene Kolbeinsen, Nadia Christiansen og Birthe Christin Johansen er klar for studieopphald i Tanzania.

- Eg likar meg godt på sjukeheimen på Straume der eg tek både dag- og kveldsvakter. Det er viktig for meg å få god praksis i studietida. Ho har også vakter på hjarteavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

Vil hjelpa

Dei fire studentane vil ikkje berre reisa til Haydom for å få seg nyttig praksis og få innsikt i lokal kultur og religion. Dei har ambisiøse mål om å ha med seg både pengar, utstyr og klede.

- Vi skal ha praksis på mor-barn-avdelinga Lena Ward der hovudoppgåva er å sikra rett behandling av mor og barn på sjukehuset. Denne avdelinga har 70 sengeplassar og får gje hjelp til mange mødrer og barn. Vi vil gjerne ha med babyluer og ullteppe. Finn gjerne fram strikketøyet og bruk det til å laga babyluer! Eg skulle gjerne sett at vi hadde med oss minst 10 tusen kroner som kan brukast til utstyr og anna, seier ein optimistisk Birthe Christin Johansen.

Studentane har oppretta ein blogg for å gje informasjon om studieopphaldet og det prosjektet dei ønskjer å gje støtte til. På bloggen dagbokfrahaydom.blogg.no får du oppdatert informasjon om prosjektet og korleis studentane opplever opphaldet i haust. Studentane må avlevera ein rapport etter studieopphaldet. Etter ein hektisk arbeidsperiode på Haydom, har dei sett av ei ferieveke med sol og varme i Zanzibar.

Vurderer jordmorutdanning

- Eg gler meg over å få praksis både her heime på sjukeheimen i Fjell og på Haukeland. Men med tanke på at eg etter sjukepleiarstudiet truleg tek jordmorstudiet i tillegg, ser eg fram til å få praksis på mor-barn-avdelinga på Haydom. Eg tek sikte på å jobba som jordmor i Fjell. JordmorHeim-prosjektet i høyrest spennande ut, seier Birthe.

Gun Irene Kolbeinsen og Nadia Christiansen seier at med ein slik spesiell praksis som dette kan dei verta kjent med den lokale kulturen og religionen som gjerne byggjer på andre verdiar enn våre. Dei er også trygg på at dei også fagleg vil læra mykje under opphaldet i Tanzania. I tillegg til Gun Irene, Nadia og Birthe, vert Therese G. Fotland med på praksisopphaldet på Haydom.

Haydom Lutheran Hospital vart bygd i 1953 med sikte på 50 sengeplassar. I dag har sjukehuset 350 sengeplassar og gjev dagleg behandling til om lag 400 pasientar. Sjukehuset har små klinikkar rundt om i distriktet og har eigen fireårig sjukepleiarskule. Haydom har om lag 20 tusen innbyggjarar og ligg på ei høgslette 1800 meter over havet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
12.07.2011
Sist oppdatert:
12.07.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom