Ungdommens kommunestyre (UKS) ønskjer ikkje at faget elevrådsarbeid vert fjerna som eige fag i ungdomsskulen.
I st.meld. nr. 22: "Motivasjon - Mestring - Muligheter" føreslår regjeringa å innføra valfag i ungdomsskulen, men at elevrådsarbeid vert teke vekk som eige fag. Skulesjef Ellen Margrethe Hansen orienterte om regjeringa sitt forslag. Ho opplyste at ungdomsskulen skal verta meir praktisk orientert enn tilfellet er i dag. Eit populært prøveprosjekt som stadfestar behovet for praktiske fag i ungdomsskulen er arbeidslivsfaget som Fjell har vore deltakar i.
UKS hadde i går sitt siste møte i denne kommunevalperioden
UKS hadde i går sitt siste møte i denne kommunevalperioden
UKS i Bergen og Trondheim har teke initiativ til oppropet" Ja til valgfag! Nei til fjerning av faget elevrådsarbeid!". UKS støttar desse synspunkta, og det vart vedteke å skriva under oppropet.
Felles opplæring for UKS og ungdomsråd
UKS godkjente programmet for felles regional opplæringsdag for ungdommens kommunestyre i Fjell og Askøy og ungdomsråda i Sund og Øygarden. Tidlegare har Fjell og Sund hatt felles opplæring. På kursdagen i Fjell i slutten av november vert det opplæring i lokaldemokrati, gjennomføring av politiske møte, korleis ungdomen kan arbeida fram saker og handtering av media.
Andre saker
UKS gav tilslutnad til kommuneplan for idrett og fysisk aktivitet 2011-2018, men ønskjer at det vert plass til eit fint parkanlegg der ungdom kan ha tilrettelagt aktivitet.
På møtet 23.08. vart det også gjeve informasjon om status for tiltaksplan for UKS. Det nyvalde UKS følgjer opp dette arbeidet.
Tekst og foto: Vigleik Brekke