Google
Skriv ut print

Vil organisera brannvernet som i dag

Med fem mot fire røyster gjekk formannskapet (16.05.) inn for å vidareføra organiseringa av brannvernet på Sotra slik det er i dag.

Det vart også innstilt på at utgreiinga om nytt brannvernsamarbeid vert lagt ut til offentleg høyring i tre månader og at framlegget til branndokumentasjon vert godkjent.

Fleirtalet var samansett av Frp og Venstre. Mindretalet (Høgre, Ap, KrF og uavhengig) røysta for rådmannen sitt framlegg om at formannskapet legg utgreiinga om nytt brannvernsamarbeid ut til offentleg høyring. I mindretalsinnstillinga vert det ikkje sagt noko om korleis brannvernet skal organiserast.

Konsulent Magne Eikanger i Brannvern- og beredskapsrådgiver 1 føreslår i utgreiinga at kommunane Bergen, Fjell og Sund etablerer felles brannvesen. Han tilrår vidare at vertskommunemodellen vert valt som selskapsform. Tilrådinga om felles brannvesen vert grunngjeve fagleg. Økonomisk er det lite å spara på brannvernsamarbeid.

Saka går no vidare til kommunestyret.

Planar for Bildøyna til offentleg ettersyn

Formannskapet vedtok at framlegg til planprogram for kommunedelplan og
områderegulering Bildøyna 2011-2023 vert lagt ut til offentleg ettersyn.

På møtet presenterte Norconsult eit notat om etablering av nye bustader på Litlesotra og Bildøyna. Notatet er utarbeidd på oppdrag for Liegruppen AS og Sartor Holding AS.

Hans-Petter Duun i Norconsult orienterte om innhaldet i notatetHans-Petter Duun i Norconsult orienterte om innhaldet i notatet
Hans-Petter Duun i Norconsult orienterte om innhaldet i notatet

I notatet er det drøfting av forholdet mellom planlegging av nye bustader på Litlesotra og Bildøyna og korleis dette virkar inn på trafikkmønsteret og nytt sotrasamband. I notatet vert det føreslått at ein bør prioritera kva område som skal byggjast ut først, utbygging av kollektivtransport og sikra eit balansert forhold mellom arbeidsplassar og bustader.

Ein tidlegare versjon av planprogram vart lagt ut til offentleg ettersyn i 2009. Det kom inn vesentlege merknader frå m.a. Fylkesmannen. For å koma i møte tidlegare innspel, er det no utarbeidd nytt planprogram for kommunedelplanen. Det vert lagt opp til å samkjøra kommunedelplanprosessen og arbeidet med områderegulering.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
18.05.2011
Sist oppdatert:
18.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom