Google
Skriv ut print

Vil organisera brannvernet som i dag

Kommunestyret i Fjell vil vidareføra organiseringa av brannvernet på Sotra slik det er i dag. Vedtaket vart fatta med 27 mot 18 røyster på møtet torsdag ettermiddag.

I vedtaket i går (1. september) heiter det også at det bør leggjast til grunn at brannvernet kan utvida samarbeidet i regionen.

Mindretalet røysta for eit framlegg frå Ap der det heiter at det er grunnlag for å etablera eit regionalt brannvern for kommunane Sund, Fjell og Bergen. I dette framlegget vert det ikkje slått fast kva modell brannorganiseringa skal baserast på.

Sotra Brannvern IKS er eigd av Sund og Fjell kommunar. I sist veke vedtok Sund kommune samrøystes å vidareføra brannvernorganiseringa slik ho er i dag. Dermed er det samsvar mellom kommunestyrevedtaka i Sund og Fjell.

900 mill. kr. i investeringar i vatn- og avlaupsanlegg

Kommunestyret godkjente kommunedelplan for vassforsyning og avlaup/vassmiljø 2011-2022. I planen er det lista opp tiltak for totalt 900 millionar kroner. Planen har vore ute til offentleg høyring, og i høyringsperioden i sommar kom det inn vel 20 fråsegner.

Dagleg leiar i FjellVar, Bjarne Ulvestad, orienterte om planen for vassforsyning og avlaupDagleg leiar i FjellVar, Bjarne Ulvestad, orienterte om planen for vassforsyning og avlaup
Dagleg leiar i FjellVar, Bjarne Ulvestad, orienterte om planen for vassforsyning og avlaup

I forslaget til handlingsprogrammet er det sett opp tiltak for 416 millionar kroner til vassforsyning og 484 millionar kroner til avlaup og vassmiljø. Dersom dei omfattande investeringane vert gjennomførte, vil årsgebyra for vatn og avlaup aukast vesentleg.

Godkjente planprogram for plan for Bildøyna

Kommunestyret godkjente samrøystes planprogram for kommunedelplan og områderegulering for Bildøyna 2011-2023. Planprogrammet vart først lagt ut til offentleg ettersyn i 2009, men etter vesentlege merknader frå Fylkesmannen, vart det utarbeidd eit nytt planprogram som har lege ute til ettersyn i 2011. Det kom inn 16 merknader til planen, men ingen av merknadene gjeld sjølve utforminga og innhaldet i planprogrammet.

Held fram med tre komitéar

Ordninga med tre komitéar held fram også i neste kommunestyreperiode. Det er klart etter at kommunestyret med 35 røyster vedtok forslaget frå fleirtalskonstellasjonen om politisk organisering. Dermed vert det vidareføring av både komité for drift, komité for finans og forvaltning og komité for plan og utvikling. Det vart vidare vedteke at formannskapet skal ha 11 medlemer med varamedlemer. Det vert slutt på ordninga utvida formannskap. Styringsmodellen skal evaluerast i neste kommunestyreperiode.

Mindretalet (Ap og SV) røysta for rådmannen si innstilling som mellom anna ville ført til samanslåing av komité for drift og komité for finans og forvaltning.

Kommunestyret hadde i går (1. september) sitt siste møte i denne kommunevalperiodenKommunestyret hadde i går (1. september) sitt siste møte i denne kommunevalperioden
Kommunestyret hadde i går (1. september) sitt siste møte i denne kommunevalperioden

Kinokonsesjon til Sotra Kino AS

Kommunestyret vedtok med 41 mot tre røyster (uavhengige) å gje konsesjon til driftsselskapet Sotra Kino AS for kinodrift i Straume sentrum. Det vert lagt til grunn at konsesjonæren går i dialog med kommunen, næringslivet og frivillige lag og organisasjonar om drift og tilbod knytt til kinolokalet og innhald.

Mindretalet røysta også for å gje konsesjon til Sotra Kino AS, men med tillegg om at det skulle gjevast offentleg varsel om at Sotra Kino AS får konsesjon om det ikkje kjem inn andre søknader innan 30. september. Sotra Kino AS er eigd av Radio Sotra AS og Sartor Holding AS.

Andre saker i kommunestyret 1. september

  • Endring av garanti på lån teke opp av Fjell bustadstifting: Kommunestyret godkjente at Fjell kommune endrar garanti for lån Fjell bustadstifting har teke opp frå simpel garanti til sjølvskuldnargaranti. Endringa vil gje betre rentevilkår for bustadstiftinga.
  • Fullmakt til ordføraren: Ordføraren får fullmakt til å ta avgjerd i ikkje-prinsipielle hastesaker som kan oppstå i perioden fram til nytt politisk styre.
  • Nye vedtekter for kommunale barnehagar
  •  Orienteringssak om omdømeprosjektet med innbyggjarundersøking

Tekst og foto: Vigleik Brekke

 


Publisert:
02.09.2011
Sist oppdatert:
02.09.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom