Askøy kan få ei medisinsk høgt kompetent avgiftningseining. På ein samhandlingskonferanse i regi av Regionrådet Vest i Sund på onsdag (31.05.), lufta direktør for avdeling for rusmedisin i Helse Bergen, Ola Jøsendal, tanken om å etablera ei avgiftningseining som eit samhandlingsprosjekt.
Ola Jøsendal
Ola Jøsendal
I vinter vart det klart at Askøy Blå Kors Klinikk ikkje fekk fornya driftsavtale med Helse Vest. Men vidare drift vart sikra då Helse Bergen i februar inngjekk avtale med Blå Kors Vest om å overta behandlingsklinikken. Og det er i dette området det er aktuelt å realisera det nye rustiltaket.
Rus/psykiatri er eit svært aktuelt område kommunane og helseføretaka kan samhandla om.
- I eit slikt samhandlingsprosjekt om avrusing kan kommunesektoren etablera tilrettelagte bustader og institusjonar i området. Her er det pasienten sin tilstand og tenestetilbodet som avgjer status til pasienten og ansvarsfordelinga mellom første- og andrelinjetenesta. På denne måten vil pasienten ha same seng, uansett lovverk og eigar, seier Ola Jøsendal.
Kommunane overtek oppgåver
Det var Regionrådet Vest som inviterte til samhandlingskonferanse i Sund. Rundt 125 deltakarar var på plass i gode lokale i Panorama konferansehotell.
Stener Kvinnsland
Stener Kvinnsland
Helse Bergen har eit årsbudsjett på 8,4 milliardar kroner i året. Administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland, sa at det er ei kollosalt stor forventning til helsetenestene. Samhandlingsreforma gjev ikkje friske pengar, men nye betalingsordningar, og direktøren sa at han var uroa over det praktiske knytt til transaksjonane.
- Samhandlinsreforma innebér at spesialisthelsetenesta skal «spissa» tilbodet, og kommunane overtek oppgåver. Vi skal gje brukarane eit betre tilbod ved å forskyva oppgåver. Kommunane held fram primærhelsetenesta i ekspandert form, sa Kvinnsland.
Mange samhandlingsprosjekt i regionen
I løpet av konferansedagen i Sund vart det presentert ei rekkje samhandlingsprosjekt som er i full drift og som er under planlegging. Eitt av dei nye prosjekta som vert realisert neste år, er smertelindrande behandling (palliativ behandling) lokalisert på Kleppestø på Askøy. Dette er eit som rettar seg mot pasientar med ulækjeleg sjukdom og kort forventa levetid. Dei fleste med behov for lindrande behandling har ein kreftdiagnose. Drifta av ei eining med fire sengeplassar er rekna til å kosta om lag 6,3 millionar kroner pr. år.
Frå panelsamtalen. Frå venstre: Ordførar i Sund, Ove Bernt Trellevik, ordførar i Askøy, Knut Hanselmann, ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik, leiar i komité for drift i Fjell, Vidar Arnesen og administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland
Frå venstre: Ordførar i Sund, Ove Bernt Trellevik, ordførar i Askøy, Knut Hanselmann, ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik, leiar i komité for drift i Fjell, Vidar Arnesen og administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland
Samhandlingskonferansen vart avslutta med panelsamtale. På heimesida til Regionrådet Vest ligg alle presentasjonane på konferansen.
Tekst og foto: Vigleik Brekke