- Vi ønskjer meir kunnskap om samhandling og ønskjer meir erfaringsutveksling.
Det seier rådgjevar for Sund By-nettverket av kommunar i Danmark, Peter Emmerich Hansen etter besøk på Haukeland universitetssjukehus og Fjell i dag (16. september).
Leiar av ergo/-fysioterapitenesta, Liv Møen, orienterte om Straume terapisenter, mellom anna hjelpemiddelsentralen
Leiar av ergo-/fysioterapitenesta Liv Møen orienterte om Straume terapisenter, mellom anna om hjelpemiddelsentralen
Også i Danmark vert det gjennomført samhandlingsreform i helse- og omsorgsektoren, og Holstebro kommune har fått midlar frå staten til å gjennomføra samhandlingsprosjekt.
- Vi treng gode råd om korleis desse midlane kan utnyttast, og vil ønskjer dialog med Fjell kommune. Difor vil vi gjerne at både helsesjefen, rådmannen og leiinga i Helse Bergen gjev informasjon om samarbeidsprosjekta mellom kommunane i regionen her og Helse Bergen på ein samhandlingskonferanse i København i november, seier Peter Emmerich Hansen.
Informasjon og omvisning
Han gjev ros til Helse Bergen og Fjell kommune for eit flott opplegg for besøket. Etter besøket på Haukeland, fekk gjestene i Fjell informasjon og omvisning på Øyane distriktspsykiatriske senter, Straume terapisenter, intermediær avdeling og Straume idrettspark der temaet var folkehelse og samarbeid mellom kommunar og idrettslag.
Omvisning på Straume dialysesatellitt
Omvisning på Straume dialysesatellitt
I tillegg til Holstebro kommune, var KL (tilsvarande KS i Noreg), Tryghetsgruppen og Implement Consulting Group representert i delegasjonen på sju personar.
I går (15. september) hadde Fjell kommune besøk av helse- og omsorgsmedarbeidarar frå Randaberg kommune i Rogaland. Også under dette besøket var samhandling tema.
Tekst og foto: Vigleik Brekke