Google
Skriv ut print

Ville vita meir om modellbarnehageprosjektet

- Vi har fått ein svært ryddig og oversiktleg informasjon om korleis modellbarnehageprosjektet er utført i Fjell.

Det seier leiar for PPT (pedagogisk psykologisk teneste) for Indre Sunnfjord, Asbjørn Knapstad. Saman med andre medarbeidarar frå PPT-kontoret i Sunnfjord fekk han på fredag (9. september) informasjon om korleis rettleiarteamet har arbeidd med modellbarnehageprosjektet dei siste to åra. Det mangla ikkje på ros om måten Fjell har følgd opp prosjektet.

Styrar Monika Sørlie (t.v) gav informasjon om korleis prosjektet vert følgd opp i Leirstaden barnehage. Nr. to frå venstre, pedagogisk leiar Liss H. Schumann. Til høgre, Asbjørn Knapstad, PPT-kontoret Indre  Sunnfjord.Styrar Monika Sørlie (t.v) gav informasjon om korleis prosjektet vert følgd opp i Leirstaden barnehage. Nr. to frå venstre, pedagogisk leiar Liss H. Schumann. Til høgre, Asbjørn Knapstad, PPT-kontoret Indre Sunnfjord.
Styrar Monika Sørlie (t.v) gav informasjon om korleis prosjektet vert følgd opp i Leirstaden barnehage. Nr. to frå venstre, pedagogisk leiar Liss H. Schumann. Til høgre, Asbjørn Knapstad, PPT-kontoret Indre  Sunnfjord.

Under besøket vart det mellom anna snakka om startsamtalen. Alle føresette som kjem med nye barn til barnehagen, får tilbod om denne samtalen i løpet av dei første vekene.

- Det er spesielt for Fjell at det er oppretta eit rettleiarteam som ikkje er bunden av lovpålagte tilbod. Eg opplever at dette er eit lågterskeltilbod som kan dekka barnehagane sitt behov for rettleiing. Også Førde kommune er med i modellkommuneprosjektet, men vi er ikkje kome godt nok i gang med organiseringa, sa Knapstad då ha oppsummerte besøket fredag ettermiddag (9. september).

Vil gje tilbod om tiltak tidleg

Modellkommuneprosjektet er eit landsomfattande prosjekt i regi av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Målsetjinga er å utvikla gode kommunale modellar for tidlege tiltak og systematisk oppfølging av barn av psykisk sjuke og/eller rusmiddelavhengige foreldre.

Som ein del av modellkommuneprosjektet, vart det i Fjell etablert eit eige modellbarnehageprosjekt, lagt til to barnehagar, Naustvika barnehage og Leirstaden barnehage. Det er Rettleiarteamet som har leia prosjektet som har gått føre seg i barnehageåret 2009/2010 og vidareført året etter. Dei to barnehagane har fått opplæring og undervisning i sentrale tema knytt opp mot målsetjinga. Det har handla om foreldresamarbeid, den vanskelege samtalen, psykiske lidingar og kunnskap om tidleg identifisering. I tillegg til rettleiarteamet har barnehagen hatt eit tett samarbeid med fleire fagpersonar som kommunepsykolog, barnevernenesta, helsesøster og rettleiarteamet. Frå hausten 2011 går 12 barnehagar vidare med prosjektet "Frå bekymring til handling".

Monika Sørlie er styrar på Leirstaden barnehage. Det er 85 barn i denne barnehagen som er lokalisert like ved Foldnes kyrkje.

- Eg brenn for dette prosjektet, og eg er glad for at staben er med på å få det realisert. Gjennom god planlegging, kurs og diskusjonar har vi fått til ein god del, seier Sørlie.


Tekst og foto: Vigleik Brekke


Publisert:
12.09.2011
Sist oppdatert:
12.09.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom