Oljefri
Vrakpantordning i Fjell kommune for parafin-/oljekamin 2011
Fjell kommune har løyvd kr. 100 000,- til vrakpantordning for parafin-/oljekamin i 2011. Dei 20 første som melder seg, får kvar kr 5000,- som vrakpant. Ordninga gjeld varmekjelder som etter 20.08.2010 er erstatta med alternativ rein varmekjelde.
Søknad med dokumentasjon for utført utskifting må vere sendt inn til kommunen innan 31.12 2011.
For meir informasjon, kontakt Plan- og utbyggingssjefen v/Erik Schult.
Søknadsskjema finn du på menyen til høgre eller du kan henta det i servicetorget på Fjell rådhus.
Plan- og utbyggingssjefen