Ungdommens kommunestyre (UKS) skal på møtet i morgon 15. november ta stilling til om det skal gjevast tilskot til tiltak retta mot ungdom i Fjell.
UKS har løyvd 10 tusen kroner til Juvente Sotra i vår, og dermed står det att 40 tusen kroner til eventuelle nye tiltak. Det er kome inn to søknader innan fristen i haust.
Juvente Sotra har søkt om støtte også i denne runden. Ettersom det berre kan gjevast støtte eín gong kvart kalenderår til kvar søkjar, fell denne søknaden utanfor krava i retningslinjene i tildelingsrunden.
Radio Sotra har søkt om 15 tusen kroner i støtte til ungdomsredaksjon på Radio Sotra. Prosjektet er knytt til at Radio Sotra skal flytta inn i lokale i Sartor Storsenter og samlokalisera radioverksemda med ny kino. I samband med dette er det planlagt å byggja opp ein ungdomsredaksjon som får ansvar for teknikk og programleiing. Prosjektet har ei totalramme på knapt 144 tusen kroner der det er søkt om støtte frå Medietilsynet og Vest Næringsråd.
UKS frå hausten 2011.
UKS frå hausten 2011.
Andre saker i UKS
Ungdomspolitikarane skal på møtet i morgon ta stilling til deltaking på ungdommens fylkesting i slutten av januar 2012. Kommunen kan møta med to representantar. UKS er også invitert til å koma med forslag til saker som kan behandlast på fylkestinget og peika ut kandidatar til ungdommens fylkesutval. (UFU)
UKS skal også arbeida vidare med Tiltaksplan for UKS og konkretisera dei ulike tiltaka.