- Mitt gode råd er å sjå på messa og informasjonane som vert deg til del der, som ein oase av muligheiter du kan ausa av. Dagen etter messa må du stola på det du fekk plukka opp. Vi kan ikkje garantera at du lykkast her i verda. Men vi vil at du skal ha dei beste muligheiter for å gjera gode val for deg og ditt yrkesaktive liv.
Det skriv president Arne Vabø i Sotra Rotary Club i forkant av den store Yrkesmessa på Bibelskolen på Bildøy tysdag 17. januar. Messa er open mellom klokka 18.00 og 21.00
Yrkesmessa vert halden på Bibelskolen på Bildøy
Yrkesmessa vert halden på Bibelskolen på Bildøy
På yrkesmessa kan ungdomane verta kjent med eit stort utval av utdanningstilbod i regionen. Her er det også informasjon om eit omfattande samarbeid mellom næringsliv og skule.
Her kan du lesa magasinet som Sotra Rotray Club har laga i samband med messa.