Google

Barnehagesjefen

I Fjell kommune tek vi mål av oss å ha full barnehagedekning. Det er 36 barnehagar i kommunen, 11 av desse er kommunale.

Barnehagesjefen har ansvar for drifta av dei kommunale barnehagane, som skal kjennast på høg kvalitet og stort mangfald.

Barnehagesjefen har også ansvar for spesialpedagogisk hjelp og støtteressursar til barn med redusert funksjonsevne. Støtteressursane er samansett av førskulelærarar, spesialpedagogar og barne- og ungdomsarbeidarar, i alt ca. 25 tilsette. Dei vert disponert av både kommunale og private barnehagar etter behov.

Rettleiarteamet for barnehagane er også organisert under barnehagesjefen. Dette teamet er sett saman av 5 stillingar, førskulelærarar og barnevernspedagogar, som kan gje fagleg rettleiing til tilsette i alle barnehagane i Fjell.

Ta gjerne kontakt med oss!

Hovudmål: Fjell kommune skal ha eit barnehagetilbod til alle som ønskjer det, med kostnadseffektiv drift, høg kvalitet og stort mangfald.

Barnehagesjef Margun LandroBarnehagesjef Margun Landro

Epost:
margun.landro@fjell.kommune.no

Telefon:
55 09 60 00


Publisert:
22.09.2008
Sist oppdatert:
01.11.2011
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom