Kor mykje kostar det for plass i ein av Fjell kommune sine barnehagar?
Sjå søknad om barnehageplass.
Kva reglar gjeld for prioritering av søkjarar til barnehageplass?
Det er barnehageeigar som i vedtektene fastset kriteriene for opptak av barn i barnehagen. Det er no samordna opptak til ledige plassar i private og kommunale barnehagar. Det er styrar i kvar einskild barnehage som gjer opptak i samarbeid med Servicetorget i Fjell kommune. Styrar følgjer dei opptakskriteriane som gjeld for den einskilde barnehage. For kommunale barnehagar er det felles kriterier.
For prioriterte grupper der det vert kravd dokumentasjon må skriftleg godkjend dokumentasjon bli vedlagt søknaden og sendt i posten.
Barnehagemynda kan innhente sakkunnig uttale og gjere faglege vurderingar i dei ulike barnehagane.
Det er følgjande prioriteringar for plass i dei kommunale barnehagane:
- Barn med med nedsett funksjonsevne skal ha rett til prioritet ved opptak. (Jfr. Lov om barnehagar §13). Gyldig dokumentasjon er sakkunnig uttale frå lege/psykolog, logoped, PPT og/eller sosiale/medisinske instisusjonar.
- Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester, §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd skal ha prioritet. Gyldig dokumentasjon er vedtak frå barnevernstenesta godkjent av sosialsjef eller leiar for barnevernstenesta.
- Barn med innvandrarbakgrunn som treng barnehageplass som støtte til integrering i lokalsamfunnet. Gyldig dokumentasjon er stadfesting frå flyktningekonsulent og leiande helsesøster.
- Sysken til barn som går i same barnehage.
- Barn av tilsette i dei kommunale barnehagane, for å rekruttere og halde på naudsynt fagkompetanse.
- Når opptaksreglar og prioriteringsreglar er teke omsyn til, vert barn som har stått lengst på søkjarlista prioriterast.
Styrar må utøva stor grad av skjønn.
Private barnehagar kan ha andre opptakskriterier.
Ta kontakt med den einskilde barnehage for utfyllande opplysningar.
Kor mange vaksne skal det vera i barnehagen?
Barnehagelova har ikkje detaljerte reglar om bemanninga, men lova krev at bemanninga skal vera tilstrekkeleg til at personalet kan driva ei tilfredstillande pedagogisk verksemd. Dette betyr at det skal vera tilstrekkeleg bemanning til at barnehagen kan drivast i tråd med lova sitt formål og rammeplan for barnehagen. Bemanninga skal sikra at barna får omsorg og tilsyn, men skal og vera tilstrekkeleg til at personalet kan driva ei tilfredstillande pedagogisk verksemd. Dette er barnehageeigar sitt ansvar.
Forskrift om pedagogisk bemanning gir reglar om kor mange barn det kan vera per pedagogisk leiar. Pedagogisk leiar skal vera utdanna førskulelærar. Forskrifta seier at: ”Det skal vera ein pedagogisk leiar per 14-18 barn når barna er over tre år og ein pedagogisk leiar per 7-9 barn når barna er under tre år og barna si daglege opphaldstid er over 6 timar”. I tillegg skal kvar barnehage ha ein styrar som er utdanna førskulelærar. Kommunen fører tilsyn med at bemanninga er tilfredstillande.
Eg er ikkje nøgd med barnehagetilbodet til barnet mitt - kven kan eg ta kontakt med?
Foreldre kan ta kontakt med personalet, styraren eller barnehageeigaren for å drøfta spørsmåla eller bekymringane sine. Barnehagelova sler fast at barnehagetilbodet skal gjevast i nær forståing og samarbeid med barna sin heim. Foreldre har difor rett til å stilla spørsmål, og dei har krav på svar som gjer at dei føler seg trygge.
Alle barnehagar skal ha foreldreråd og samarbeidsutval. Spørsmål eller krav til barnehageeigar kan takast opp der.
I tillegg er det høve til å søkje overføring til anna barnehage.
Kven fører tilsyn med barnehagane?
Kommunen skal føra tilsyn med barnehagane. Det vil seia at kommunen skal sjå til at barnehagane i kommune vert drivne i tråd med barnehagelova. Den som ser feil eller manglar som kommunen bør vera klar over, bør kontakta kommunen. Kommunen kan også kontaktast dersom ein lurer på om eit tilhøve er akseptabelt. Kommunen skal følgja opp saker som publikum tek opp som ikkje er tilfredstillande. Fjell kommune sitt servicetorg hjelper til med å finna rett sakshandsamar. I tillegg til kommunen, kan fylkesmannen og svar på spørsmål, men tilsynet med den einskilde barnehage vert først og fremst ført av kommunen. Det er ikkje fastsett kor ofte kommunen skal komma på tilsyn til den einskilde barnehage.
Korleis vert foreldrebetalinga fastsett?
Med verknad frå 1. januar 2006 har Stortinget fastsett maksimalpris på ein heildagsplass i barnehage på kr. 2 250,- per månad. Betaling for matservering kan komma i tillegg. Pris utover maksimalpris skal godkjennast i Foreldrerådet i barnehagen. Maksimalprisen gjeld for eit heildags ordinært barnehagetilbod med ei opphaldstid per veke på 41 timar eller meir. Stortinget har også fastsett minimumsgrense for søskenmoderasjon på 30% for barn nummer to og 50 % frå og med barn nummer tre.
For betalingssatsar i barnehagane sjå tenesta barnehageplass.
Kor lang kan oppseiingstida i barnehagen vera?
Barnehagelova seier ikkje noko om oppseiing av barnehageplass anna enn at oppseiingstida skal gå fram av vedtektene til barnehagen. Avgjerd om oppseiing vil vera ein del av den kontrakten som inngår mellom barnehageeigar og foreldre ved opptaket.
Kor lang ferie skal barna ha?
Barnehagelova har ikkje reglar om ferieavvikling. Det er opp til barnehageeigar å bestemma opningstider, ferier m.m.
Kommunen har ansvar for at barnehagetilbodet vert tilpassa lokale tilhøve og behov, men lova gir ikkje ei plikt til å ha eit bestemt opplegg for ferieavvikling.
Eg vil starta barnehage - kven kan eg spørja?
Den som vil starta barnehage kan kontakta kommunen. Kommunen gir rettleiing og informasjonsmateriell. Fylkesmannen kan også gi informasjon, men kommunen har det primære rettleiingsansvaret. Kommunen handsamar søknader om godkjenning av barnehagar. Les meir på www.etablerebarnehage.no.
Kva er open barnehage?
Open barnehage er eit barnehagetilbod der barna ikkje blir tildelt ein fast plass i barnehagen. Barna kjem til barnehagen saman med ein omsorgsperson til dei tider og dagar tilbodet om open barnehage er. I Fjell kommune er det tilbod om open barnehage på Fjell og på Straume. Opningstida er mandag, tirsdag, onsdag og torsdag, frå kl. 10.00 - 14.00.
Det vert ikkje føreteke trekk i kontantstøtta ved bruk av open barnehage.
For å få statstilskot, må ein open barnehage godkjennast etter barnehagelova. Det er ein føresetnad at barnehagen må vera leia av ein førskulelærar og tilfredstilla krava til lokale, uteområde, innhald, bemanning m.m.