Google
Skriv ut print

Psykiatrisk dagsenter

Psykiatrisk dagsenter er eit aktivitetstilbod til menneske med psykiske lidingar. På dagsenteret er det sosialt samvær med fokus på ulike aktivitetar.

Lett å finna...
Psykiatrisk dagsenter ligg i bygget rett ovafor Sartor Senter - Straume.

Korleis koma på senteret?
Du kan kontakte dagsenteret direkte eller psykiatrisk team.

I daglegstova kosar vi oss og slappar av med ein god prat og kopp kaffe...

Dei som likar å laga mat kan gjere det, og vi andre smakar gjerne.

I arbeidsstova gjer vi litt av kvart. Har du lyst å sjå kva vi har laga? Kom innom... kanskje du vil kjøpa.

På senteret kan vi "surfe" på internett på eigen PC. Vi har og ferske dagsaviser. Som du ser er det aktivitetar for einkvar smak. Likar du å lage stearinlys, tove, sy eller kva det måtte vere, dette er kjekt. Vi arbeider i grupper, men på opne dagar kan kven som vil kome innom og sjå korleis vi har det. Då serverer vi rundstykke og pizza og har det kjekt saman...

Psykiatrisk dagsenter sin kjoleproduksjonPsykiatrisk dagsenter sin kjoleproduksjon
Psykiatrisk dagsenter sin utstilling på Fjell rådhus


Publisert:
01.07.2010
Sist oppdatert:
24.08.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom