Google
Skriv ut print

Arealplan

Fageininga arealplan har ansvar for all arealplanlegging etter plan- og bygningslova. Hovudoppgåva er såleis utarbeiding og revisjon av kommuneplanen sin arealdel. Siste åra har arbeidet med Sotrasambandet stått i fokus ved fageininga. Vidare arbeider ein med kommunedelplanar og reguleringsplanar. Handsaming av private framlegg til reguleringsplanar utgjer ein stor del av arbeidet ved eininga. Du kan lese meir om reguleringsplanar og kommuneplanlegging ved å klikke på lenke til høgre.

Aktuelle arbeidsoppgåver omfattar mellom anna:

  • Nytt samband Sotra- Bergen i samarbeid med kommunane Øygarden, Sund og Bergen og i regi av Statens vegvesen. Vidareføre arbeidet med samordna transport – og arealplanlegging Straume – Kolltveit.
  • Oppfølging og revisjon av kommuneplanen sin arealdel 2007-2018.
  • Handsame private framlegg til reguleringsplanar.
  • Utarbeiding av kommunedelplan for Bildøy
  • Oppfølging av kommunedelplan Straume og planprogram for Straume sentrum.
  • Tilpassingar til ny planlov


Kommunestyret har ansvaret
Ansvaret for arbeidet med reguleringsplanar og overordna arealplanar er lagt til kommunestyret. Kommunestyret skal, gjennom eit samla planprogram for kommunen, syta for at formannskapet eller komité for plan og utvikling let utarbeide tilstrekkelege kommunedelplanar og reguleringsplanar.
I Fjell kommune er det plan- og utbyggingssjefen som står for utarbeiding av kommunen sine eigne arealplanar, og førebur formannskapet og komité for plan og utvikling si handsaminga av eigne planar og planar som er fremja av private. Kommunestyret gjer endeleg vedtak i plansaker etter tilråding frå formannskapet og KPU.

SartorSartor


Publisert:
29.09.2009
Sist oppdatert:
08.09.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom