Google
Skriv ut print

Forskrift for fellesareal og parkering

Det er utarbeidd ei vedtekt til plan- og bygningslova §69 nr 3 for utrekning av parkeringsbehov.


Vedtekt til plan- og bygningslova § 69 nr 3 - fellesareal og parkering

I utbyggingsplanar, reguleringsplanar og ved søknad om byggeløyve, skal det visast areal for tilfredsstillande opphaldsareal i det fri, som td leikeplass for barn, for avkjørsel og for parkering for bilar, motorsyklar og syklar. I den grad det er trongen kan dekkjast på naboeigedom, må dette dokumenterast.
Anlegga skal visast i samanheng med kjørevegar, gangvegar og friareal.
Plan og utbygging avgjer når dei anlegga som er nemnde i § 69 nr 1 skal opparbeidast, og kan setja som vilkår for byggjeløyve at anlegga er opparbeidde.
Areala og anlegga som vert bygd, skal haldast forsvarleg vedlike.

  1. I bustadstrøk skal det vera plass til ein garasje per husvære. Inntil garasjen vert bygd skal plassen vera opparbeidd som oppstillingsplassar. I tillegg skal det opparbeidast ein biloppstillingsplass per husvære.

    For mindre husvære, hyblar og lignande med inntil 65 m2 bruksareal (BRTA) vert det ikkje kravd garasje.

  2. Tomter til næringsformål skal ha biloppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter etter følgjande fordeling:

    A. For butikkar, butikksenter, og lignande: 1 plass fpr. 25 m2 bruksareal (BRA), minimum 10 plassar.
    For kontor: 1 plass pr. 50 m2 bruksareal (BRA)

    B. For verkstad- og produksjonsbygg: 1 plass pr. 50 m2 bruksareal (BRA=, minimum 6 plassar).
    For lagerbygg: 1 plass pr. 100 m2 bruksareal (BRA).

    I tillegg kjem naudsynt areal for varealevering, av- og pålessing.

  3. Institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokaler, idrettsanlegg. samt andre bygningsanlegg der spesielle tilhøve gjer seg gjeldande, skal ha oppstillingsplass for bilar og ut- og innkjørselstilhøve i samsvar med kommunalteknisk vegnorm

  4. Biloppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal opparbeidast etter behov.

  5. Ved bruksendring i samsvar med pbl § 93 vert føresegnene også gjort gjeldande for eksisterande bygningar og anlegg

Vedteke av Fjell kommunestyre 16.02.89


Publisert:
08.03.2007
Sist oppdatert:
04.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom