Google
Skriv ut print

Tryggleik og beredskap

I Fjell kommune skal tryggleik og beredskap vere integrert i den daglege verksemda. Den som til dagleg har ansvaret for ei teneste, har og ansvaret for førebyggjande arbeid, kriseførebuande planlegging og krisehandsaming, jf. dei nasjonale prinsippa om ansvar - nærleik - likskap.

Tryggleiks- og beredskapssjefen er direkte underlagt rådmannen og skal mellom anna følgje opp:

Informasjonstryggleik:

  • Arbeide med overordna plan for informasjonstryggleik.
  • Føre kontroll med at kommunen stettar krava til informasjonstryggleik jf. gjeldande lover og forskrifter.

 

Beredskap:

  • Arbeide med overordna krise- og beredskapsplanlegging.
  • Følgje opp det førebyggjande beredskapsarbeidet i heile kommuneorganisasjonen.
  • Vere operativ leiar (K-3) i den kommunale kriseleiinga (KKL).

 

Kompetansebygging:

  • Tilby kommuneorganisasjonen spisskompetanse på områda informasjonstryggleik, ROS-analyser, førebyggjande arbeid, krise- og beredskapsplanlegging og krisehandsaming.
  • Planlegge og gjennomføre kriseøvingar.

 

Meir informasjon:

 


Publisert:
13.10.2010
Sist oppdatert:
06.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom