Google
Skriv ut print

Servicetorgsjefen

Servicetorgsjefen har ansvar for fellestenester som sentralbord, kundemottak, dokumentbehandling og felles arkiv, politisk sekretariat, informasjon, næringslivssaker, kommunale selskap og Kemneren for Fjell, Sund og Øygarden. Servicetorgsjefen er tillagt kommunen sin barnehagemynde og har ansvar for likebehandling av private og kommunale barnehagar, mellom anna ved samordna opptak og utbetaling av kommunalt tilskot. I tillegg til direkte tenesteyting til innbyggjarane, har servicetorgsjefen også støttefunksjonar for dei andre avdelingane på rådhuset.

Du kan ta kontakt med oss på telefon 55 09 60 00 eller ved personleg frammøte i kundemottaket på rådhuset. Vi kan gje informasjon om kommunale tenester eller formidla kontakt med rett person ut frå dine behov.

Alle henvendelser på e-post til Fjell kommune skal sendast til: postmottak@fjell.kommune.no

Hovudmål: Fjell kommune skal ha eit servicetorg i utvikling til beste for innbyggjarar og andre som vender seg til kommunen.

Servicetorgsjef Lillian TorsvikServicetorgsjef Lillian Torsvik

Servicetorgsjef Lillian Torsvik

E-post: 
lillian.torsvik@fjell.kommune.no

Telefon:
55 09 60 00
 

Meir informasjon


Publisert:
23.09.2008
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom