Google
Skriv ut print

Fjell bustadstifting

Fjell bustadstifting logoFjell bustadstifting logo
Fjell bustadstifting er ei sjølvstendig stifting, skipa av Fjell kommune. Stiftinga har kontor i Fjell rådhus på Straume og har 5 fast tilsette og eit styre på fem medlemer. Stiftinga kjøper i tillegg ulike eksterne tenester. Anita Garlid Johannessen er styreleiar. Dagleg leiar er Ketil Strand.

Stiftinga har som oppgåve å skaffa bustader og servicebygg for utleige eller overdraging, utan økonomiske føremål. Omgrepet servicebygg dekkjer mellom anna barnehagar, studentbustader, omsorgs- og servicebustader, servicesenter for eldre, prestebustader, o.a.

Stiftinga forvaltar og eig i dag om lag 290 husvære, fordelt på utleigebustader og omsorgsbustader, barnehagar og  prestebustader. Bustadene er plassert rundt i heile Fjell kommune. Fjell bustadstifting står for tildeling av desse bustadene, med unntak av omsorgsbustader.

Tildeling av bustad er basert på fagleg vurdering av den enkelte søkjar sitt sosiale behov for bustad eller plass i servicebygg - til dømes om du er bustadlaus, sosialt vanskeligstilt og ikkje har greidd å skaffa deg bustad på eiga hand.

Leige av utleigebustad er tidsavgrensa, med kontrakt på vanlegvis 3 - 5 år.

Du kan søkje om leige av bustad ved å kontakte Fjell bustadstifting. Søknadsskjema finn du her. Du vil og kunne få søknadsskjema ved sjå Utleigebustad.

Tilhøyrande tenester



Publisert:
09.10.2008
Sist oppdatert:
09.03.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom