I dag (19.11) underteikna symjaren Henriette Brekke (22) idrettsambassadøravtalen med Fjell kommune. Ordførar Eli Årdal Berland var på plass då dette formelt skjedde.
Henriette Brekke og ordførar Eli Årdal
Henriette Brekke og ordførar Eli Årdal
Henriette Brekke skreiv også under ein eigen samarbeidsavtale om at ho vert lokal MOT-ambassadør i Fjell
Ordninga med den nye idrettsambassadøren er eit samarbeid mellom Vest Næringsråd og Fjell kommune, der utøvaren får kr 100.000 årleg fram mot OL i London 2012. Men det følgjer også med eit ansvar som idrettsambassadør. Inntil 8 timar årleg lyt utøvaren delta på ulike arrangement i regi av Fjell kommune eller Vest Næringsråd. Og på møtet med representantar frå Servicetorgsjefen i dag vart det samtalt om korleis dette skal følgjast opp.
Det neste store målet for Henriette Brekke er OL i London i 2012. Ho er ein del av Olympiatoppen si satsing med namnet "Kvinneløftet" fram mot OL.