Google

Støttekontaktar

Generelt: Fjell kommune v/ sosialsjefen

Arbeidsområde: Støttekontaktar skal bidra til at dei som treng det får hjelp til ei hyggeleg og meiningsfull fritid. Støttekontaktar skal gje hjelp og støtte til å bryte isolasjon, og å meistre ufordringa i dagleglivet. Det kan innebere å følgje til kino, konsertar utstillingar o.l. Eller det kan vere å legge til rette for fysisk aktivitet som trening eller turar
Støttekontakt kan vere individuelt eller i grupper.
Fjell kommune har mange som av mange ulike årsaker treng støttekontakt. Ta kontakt for ein uformell prat om mogelege oppdrag.

Tilsetjingsvilkår: Støttekontaktar vert engasjert for oppdrag etter tidsavgrensa avtale

Lønsvilkår: Kr 100 per time individuelt. Kr 110 per time i grupper

Arbeidstid: Etter avtale, ettermiddagar og helgar

Kompetansekrav: Støttekontaktar må vere over 18 år  og vere personleg eigna. Vi bed om at det vert førelagt politiattest dersom det vert inngått avtale.

Kontaktperson: Hildgunn Vengen tlf 55 09 71 56 eller May Liss Snekkevik  tlf 55 09 71 97


Publisert:
08.10.2009
Sist oppdatert:
24.08.2012
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom