Etter eit innspel frå Hageselskapet Sotra om å velje ein offisiell blome for Fjell kommune, vart det utarbeidd ei sak til behandling i komite for drift. Dei vedtok å la innbyggjarane i Fjell få stemme på 4 alternative plantar; Havburkne, Purpurlyng, Røsslyng og Strandnellik.
Folk fekk høve til å stemme via SMS, internett og post. Det kom inn berre 46 stemmer totalt med slik stemmefordeling:
- Purpurlyng 19 stemmer
- Røsslyng 13 stemmer
- Strandnellik 11 stemmer
- Havburkne 3 stemmer
Politikarane i komite for drift vurderte avstemmingsresultatet i møte 12.06.07. Dei vedtok å føreta ei avstemming i komiteen grunna svært låg stemmedeltaking. Dei gjorde då følgjande vedtak:
”Purpurlyng (Erica cinerea) vert vald som kommuneblome for Fjell kommune”.
Purpurlyng - Erica cinerea (Foto: Dag Fosse)
Purpurlyng - Erica cinerea (Foto: Dag Fosse)