Kommunestyret skal ein gong i året vedta ein rullerande økonomiplan, som minst skal omfatte dei neste fire budsjettår.
Økonomiplanen skal omfatte heile kommunen sin verksemd og gje ein realistisk oversikt over sannsynlege inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden.
Kommunestyret skal innan utgangen av året vedta budsjett for komande kalenderår. Årsbudsjettet er ein bindande plan for kommunen sine midlar og bruk av desse i budsjettåret.
Årsbudsjettet skal vere realistisk og skal omfatte heile kommunen sin verksemd.