Fjell kommune er no i gang med arbeidet med kommunedelplan for bustadutvikling 2013-2020. I planen tek ein sikte på å drøfta ulike kvalitetar som kan gjera Fjell til ein attraktiv bustadkommune med livskraftige grender og trygge bustadområde, og kva bustadpolitiske verktøy (lovverk, føresegn etc.), kommunestyret kan nytte i gjennomføringa av valt bustadpolitikk. Planen femnar også om bustadsosiale behov og utfordringar, der utvikling av føremålstenlege tildelingskriterium og organisering av det bustadsosiale arbeidet står sentralt.
Planprogram for planarbeidet vart vedteken i formannskapet 13.02.2012. Formannskapet er styringsgruppe for planen, og Marianne S. Bjorøy er saksordførar. To arbeidsgrupper har ansvaret for fagleg innhald i planen, knytt til kvart sitt hovudtema; Utvikkling av Fjell som attraktiv bustadkommune og Bustadsosiale behov og utfordringar. Ein referansegruppe sett saman av berørte partar og høyringsinstansar vert invitert til tre felles møtearenaer under planarbeidet, og vil få høve til å ta aktiv del i planarbeidet. Plan- og utbyggingssjefen er sekretariat for planarbeidet.
Arbeidsgruppa kjem du i kontakt med på følgjande måte:
- e-post til bustadplan@fjell.kommune.no
- Brev til Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Pb. 184, 5342 STRAUME (merk brev med saksnummer 2011/1404)
- Tlf 55 09 60 00
- Kontakt person for planarbeidet er Hanna F. Gjesdal og Knut Helge Olsen.
Her vil du finne informasjon, møtereferat og presentasjoner knytt til planarbeidet: