Fjell kommune er no i gang med arbeidet med kommunedelplan for trafikksikring 2012-2015/2020.
Kommunedelplanen vert nytta til å prioritera bruken av dei kommunale løyvingane til trafikksikringstiltak, og er grunnlag for statlege og fylkeskommunale trafikksikringsprioriteringar på vegnettet i Fjell.
Planprogrammet vart vedteken i komité for drift 08.11.11. Komité for drift er styringsgruppe for planen, med Kirsten Syljeset (H) som saksordførar.
Arbeidsgruppa har ansvar for det faglege innhaldet i planen, og har desse medlemmene:
- Saksordførar: Kirsten Syljeset, tlf. 90 02 33 32
- Tore Dale: frå Eigedomssjefen (planeigar)
- Therese Skårnes Borgen: frå Eigedomssjefen (planeigar)
- Marit Selberg Sigurdson: frå Plan- og utbyggingssjefen (prosjektleiar)
- Bjørn Tvedt: frå Statens vegvesen
- Lise Ådlandsvik: frå HFK, samferdselsavdelinga
- Arne Aase: frå Trygg trafikk, Hordaland
- Anita-Karin Tellnes: frå KFU (kommunalt foreldreutval)
- Gro Elise Fardal: frå Ungdomens kommunestyre (vara: Henriette Nordtveit)
- Per Algrøy: Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt
- Synnøve Halvorsen Malkenes :Sotra, Askøy og Øygarden lensmannsdistrikt
Arbeidsgruppa kjem du i kontakt med på følgjande måte:
- E-post til marit.sigurdson@fjell.kommune.no
- Brev til Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, postboks 184, 5342 Straume. Merk brevet med saksnummer 2011/1405.
- Telefon 55 09 73 73
Det første møtet i arbeidsgruppa finn stad 06.12.11, og det er eit mål å slutthandsama planen sommaren 2012.
Informasjon og møtereferat finn du her:
Referat frå arbeidsgruppemøter
Møte 06.12.2011:
Møte 10.01.2012:
Møte 07.02.2012:
Møte 23.02.2012:
Møte 29.02.2012:
Innspel til TS-plan:
Innspel til trafikksikringsplanen:
Vi ønskjer informasjon og synspunkt frå innbyggjarane, organisasjonar, lag, skular etc., på tilhøve som har verknad for tryggleiken i trafikken. Vi ønskjer også innspel om vegar og andre tilhøve som gjev, eller kan gje, utrygge og farlege situasjonar, i tillegg til informasjon om gode og dårlege haldningar i høve til god trafikkultur. Fristen for innspel var 13. januar. Det vert også høve til å komma med innspel under folkemøte i april/mai, og når planutkastet vert lagt ut på høyring seinare i år.