Føremålet med planen er å sikre at alle i Fjell til ei kvar tid har tilgang på nok vatn av drikkevasskvalitet, og at transport og reinsing av avlaupsvatn skjer på ein slik måte at forureiningane ikkje fører til helseskade, går utover trivselen eller skadar naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. For avlaup gjeld nye reinsekrav frå 2015, noko som får store konsekvensar for sektoren.
Dokument: