Google
Skriv ut print

Plan for skulehelsetenesta i Fjell

Samfunns- og helseforhold for barn og unge har i dei seinare åra endra seg. Utviklinga har ført til at innhaldet i tenesta i stor grad har endra seg frå rutinemessige helseundersøkingar til psykososiale problemstillingar og tiltak i tråd med dette.

Fjell kommune har, etter at det kom ny ”Forskrift om kommunenes helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta”, samt veileder til denne, www.shdir.no, og reform for grunnskulen og den vidaregåande skulen (Kunnskapsløftet), lagt føringar for at det har vore behov for oppdatering og skriftleggjering av ein plan for tenesta.

Med Plan for skulehelsetenesta i Fjell ønskjer vi å bidra til at tenesta i vår kommune utøvast i samsvar med allment aksepterte faglege normer, lover og forskrifter samt nasjonale og lokale satsingar. Vidare er målet at planen skal være eit bindeledd mellom skulehelsetenesta, skulane og andre samarbeidspartnarar samt foreldre/føresette, og på den måten medverke til at vi i fellesskap jobbar for at barn og unge kan vokse opp i trygge og helsefremjande omgjevnadar.

Dokument:


Publisert:
14.05.2010
Sist oppdatert:
21.05.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom