Google

Sotrasambandet

Ny vegtrasè for Sotrasambandet

Sotrasambandet

Fjell kommune og Bergen kommune har vedteke trasé for nytt riksvegsamband mellom Storavatnet og Kolltveit, sjå oversiktskart. Anlegget skal vere robust, lite sårbart og vere fleksibelt med omsyn til framtidige endringer i transportbehov. Målet er at mest mogleg av framtidig transportbehov skal kunne løysast ved hjelp av kollektivtransport og gang/-sykkeltransport. Prosjektet skal delfinansierast med bompengar.

Plandokument - godkjent kommunedelplan


Varsel om oppstart av reguleringsplan 
Frist for å koma med innspel til oppstartsvarselet er 19. juni 2013.

Tidshorisont
I regjeringa sitt framlegg til NTP 2014-2023 er det sett av 200 millionar kroner i første delen av transportplanen (2014-2017). Dermed kan ein leggja til grunn anleggsstart av nytt sotrasamband i løpet av den første delen av transportplanen, 2014-2017. Med ein anleggsstart i 2017, kan prosjektet vera fullført rundt 2021.

Andre avgjerande faktorar for sambandet er å halda framdrifta for reguleringsplanarbeidet, bompengesøknad, kabling av høgspentlinje, prosjektering/byggeplanar mv.

Langt meir enn eit vegprosjekt

Sotrasambandet er langt meir enn eit rent vegprosjekt. Det er eit prosjekt for samfunnsbygging verdiskapning, tryggleik og miljø. Brosjyre - Sotrasambandet

 

Andre samferdsletiltak

Fjell kommune arbeider saman med ei rekke aktører for å sjå på kva som kan gjerast for å betre trafikksituasjonen i Fjell i påvente av nytt Sotrasamband.

Aktuelle tiltak

Andre vegprosjekt:


Trafikksikringsplan 2013-2016/2020 

 

Aktuelt om Sotrasambandet og andre samferdsletiltak:

logo


Publisert:
11.07.2008
Sist oppdatert:
16.05.2013
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom