Vedtak om oppretting av nytt barnehageutval og val av medlemar til utvalet var til politisk behandling i Komité for drift 17.01.2012, sak 4/12 og i Komité for finans og forvaltning 17.01.2012, sak 7/12.
Medlemmar i utvalet er:
- Leiar: Vidar Arnesen (FrP) med personleg varamedlem Tore Lønøy (FrP)
- Nestleiar: Elna Nybakk (SL) med personleg varamedlem Jarle Syltøy (SL)
- Medlem: Johnn Hardang (KrF) med personleg varamedlem Liv Urhaug (KrF)
- Medlem: Cecilie Rathem (H) med personleg varamedlem Britt Svendsen (FrP)
- Medlem: Jan A. Karlsen (AP) med personleg varamedlem Espen Elstad (V)
Barnehageutvalet sitt mandat er å:
- Sikre likeverdige driftsvilkår mellom kommunale og private barnehagar i tråd med lovverket og lokale retningsliner
- Sikre tilstrekkeleg barnehageplassar i kommunen
- Sikre sikker drift av barnehagane ved full barnehagedekning
- Samarbeid med nabokommunane om utbygging og finansiering
- Sikre tilstrekkeleg kompetanse i barnehagane
- Sikre ei god og samordna fagleg utvikling innan barnehagesektoren
- Leggje fram saker for komité for drift
Administrasjonen v/servicetorgsjef Lillian Torsvik har sekretærfunksjon for utvalet.
Alle referat frå barnehageutvalet sine møte vert lagt fram som referatsak for komité for drift og komité for finans og forvaltning.
Innkallingar og referat for barnehageutvalet, i tillegg til andre presentasjonar og offentlege dokument vert lagt ut på kommunen si heimeside. Det er også lagt lenker til aktuelle lover og forskrifter og til aktuelle dokument som vedkjem barnehagesektoren.