Google
Skriv ut print

Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Rådet er eit samhandlings- og rådgjevande organ for kommunen i saker som angår funksjonshemma sine behov og interesse, og kommunen sitt formelle organ i arbeidet med brukarmedverknad. Rådet har ikkje mynde for å fatta vedtak på kommunale saksområde, men skal arbeida for at menneske med nedsett funksjonsevne ikkje vert diskriminert og bidra til tilgjengelege og brukarvennlege tenester i kommunen. Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne er eit rådgjevande organ og det vil ikkje gje råd i saker som gjeld enkeltindivid, med mindre saka kan vere av prinsipiell karakter.

Rådet engasjerer seg i følgjande saker:

  • Tilgjengeprisen
  • Oppfølging av universell utforming i ulike byggprosjekt i kommunen
  • Universell utforming av t.d. kommunale bygg


Rådet tek gjerne imot saker, innspel frå publikum, lag og organisasjonar som ein meiner rådet bør engasjera seg i.

Mandat for rådet:

  • Gje fråsegn til forslag til økonomiplan og årsbudsjett
  • Gje fråsegn til kommuneplan og kommuneplanar med verknad for menneske med nedsett funksjonsevne.
  • Gje fråsegn til saker som kommunale organ legg fram for rådet.
  • Ta del i arbeid med konsekvensutgreiingar etter plan og bygningslova som gjeld kommunal verksemd.
  • Ta del i planprosessar vedkommande kommunale bygg (nybygg og ombygging). 

Sakslister og dokument på nett

Vel møtedato for komité for drift eller søk etter politiske saker.

Møteinnkallingar og andre dokument til møta vert publisert tidlegast 1 veke før datoen møtet skal haldast på.

Dersom du ikkje får fram dokumentet du prøver å opne, kan du ta kontakt med politisk sekretariat på telefon 55096000 eller epost politisksekretariat@fjell.kommune.no.

Medlemer:

Rådet består av 7 medlemmer, 2 politikarar valt av kommunestyret og 5 frå brukarorganisasjonane valt av desse. Administrasjonen er sekretariat.

Vararepresentantar:

  • Hans Ivan Anundskås (SAFO)
  • Jarle Syltøy (SL)
  • Liv Urhaug (KrF)
  • Vigdis Landro (FFO)


Arkiv:


Publisert:
26.05.2009
Sist oppdatert:
13.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom