Google
Skriv ut print

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet er eit obligatorisk politisk vald organ med oppgåver knytte til tilsyn og kontroll. Det er kommunestyret sjølv som vel medlemma til kontrollutvalet. Kontrollutvalet skal ha minst tre medlem og etter § 77 nr.1 i kommunelova skal minst eit av utvalet sine medlemmer veljast mellom representantane i kommunestyret. Dette kravet fekk verknad frå noverande valperiode.

For perioden 2011-2015 har kommunestyret i Fjell vald 5 personar til kontrollutvalet:

  • Leiar: Jan Henrik Bratland (AP)
  • Nestleiar: Helena Morland Hansen (H)
  • Medlem: Gro Heidi Skoge (KRF)
  • Medlem: Kristian Johannessen (FRP) frå kommunestyret
  • Medlem: Eli Bergsvik (SV).


Kontrollutvalet skal føra tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret og sjå til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Lov om kommuner og fylkeskommuner av 25.09.1992 (kommunelova) kapittel 12, særleg § 77.
”Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner” er ein viktig basis for kontrollutvalet si verksemd. Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner.

Det er viktig å understreka at kontrollutvalet er eit særskilt kontrollorgan og ikkje eit ordinært politisk organ som kan gjere vedtak om forvaltninga si drift. Kontrollutvalet skal i følgje forskrifta ikke overprøve politiske prioriteringer som er føretatt av kommunens eller fylkeskommunens folkevalgte organer. Det er heller ikkje eit klageorgan.

Både ordførar og oppdragsansvarleg revisor har møte og talerett i kontrollutvalet.

Sekretariatet

Kontrollutvalet har eit uavhengig sekretariat som ikkje er knytte til kommunen eller til revisjonen. Sistnemnde er dei som utfører revisjon/kontroll etter bestilling frå utvalet. Kontrollutvalet sine møte vert haldne for lukka dører dersom ikkje utvalet vedtek noko anna, jf. kommunelova §77 nr. 8 og forskrift om kontrollutval §19.

Sekretær for kontrollutvalet i Fjell er advokat Yngvil Semb Hartmann.

Kontaktinformasjon for kontrollutvalet:

  • Jan Henrik Bratland, Leiar
    mobil: 92 60 61 08
  • Yngvild Semb Hartmann, sekretær for utvalet
    E-post: ysh@advokatkontor.net

Publisert:
08.09.2010
Sist oppdatert:
24.11.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom