Likestillings- og diskkrimineringsutvalet skal arbeide for likestilling uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, funksjonshemming, språk, religion, legning og alder på alle område i kommunen og innan kommunen sitt verkeområde.
Utvalet har om lag fem møte i året. Møta er opne for publikum, med unntak for saker som er unnatekne offentleggjering i samsvar med offentleglova.
Sakslister og dokument på nett
Vel møtedato for likestillings- og diskrimineringsutvalet eller søk etter politiske saker her.
Dersom du ikkje får fram dokumentet du prøver å opne, ta kontakt med politisk sekretariat på telefon 55096000