Google
Skriv ut print

Kommunestyret

Om Fjell kommunestyre

Fjell kommunestyre har 45 folkevalde representantar som er fordelt på 8 ulike partiguppe. Ordførar Eli Å. Berland er leiar for kommunestyret. Ordføraren kan treffast på tlf. 55096000 eller epost ordforar@fjell.kommune.no.

Kommunestyret har 8 - 10 møte i året, med overordna planar, budsjett og økonomiske saker, interkommunale samanslutningar o.l. som hovudoppgåve. Saklistene vert lagt ut på internettsidene til kommunen, og møta vert haldne for opne dører. I tillegg har Radio Sotra direktesending og opptak frå kvart møte.

Kommunestyret har lagt det daglege politiske ansvaret for drifta av kommunen til tre politiske komitear, kvar med elleve medlemer. Komiteane deler på ansvar og arbeid etter type oppgåver.

Politisk sekretariat er sekretær for kommunestyret og komiteane.

Sakslister og dokument på nett

Vel møtedato for komité for drift eller søk etter politiske saker.

Møteinnkallingar og andre dokument til møta vert publisert tidlegast 1 veke før datoen møtet skal haldast på.

Dersom du ikkje får fram dokumentet du prøver å opne, kan du ta kontakt med politisk sekretariat på telefon 55096000 eller epost politisksekretariat@fjell.kommune.no.


Publisert:
06.03.2006
Sist oppdatert:
22.02.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom