Politisk plattform for samarbeid mellom Fremskrittspartiet, Kristeleg Folkeparti og Høgre for kommunestyreperioden 2011-2015.
Innleiing
Fjell kommune si utvikling dei neste fira åra skal byggja på den kristne kulturarven, og vi vil positivt arbeida for å inkludera alle som vil høyra til i fellesskapet vårt. Gode miljøhaldningar skal framleis liggja til grunn for kommunen sitt arbeid og politiske vedtak. Valfridom og kvalitet er viktige verdiar for samarbeidspartia.
Kunnskap er nøkkelen til god kvalitet i tenestene til kommunen. Vi ønskjer å gjennomføra eit kompetanseløft i skulen og i omsorgssektoren.
Samarbeidspartia ønskjer å trekke fram at regionen si viktigaste politiske sak i komande periode blir at eit nytt fastlandssamband med tilhøyrande vegnett skal realiserast så snart det er praktisk muleg. I tida fram mot eit nytt fastlandssamband er realisert, skal ein arbeide for å løyse kø-problematikken ved hjelp av strakstiltak.
Kultur, idrett og frivillig arbeid skal danne grunnlaget for å fremja trivsel og identitet. Hos oss er tilknytinga til kystkultur viktig både for kulturtilbodet og for utvikling av busetnad og næringsliv.
For å sikre tilgang på arbeidsplassar i regionen skal utviklinga av næringslivet støttast og følgjast opp av kommunen.
Fjell kommune skal ha ein dekning av gravplassar jamført til lovverket.
Det skal vera ei heilskapleg utvikling av kommunen. Ågotnes skal styrkjast som eit senter for handel, service og industri. Utviklinga av regionsenteret Straume skal gjennomførast slik at det gjev gode ringverknader for bygdene i kommunen.
Desse verdiane vil vi søkja å realisera gjennom følgjande punkt:
Skule og oppvekst
- Endre skulestrukturen for å sikra at alle elevar i Fjell får eit likeverdig pedagogisk tilbod, der eleven sitt læringsmiljø står i fokus.
- Det skal setjast ned eit utval som skal vurdere plassering av ny skule i området Skålevik/Sekkingstad/Eide. Dette arbeidet skal gjerast i dialog med representantar for skulekrinsane.
- Satsa på etter- og vidareutdanning av lærarane i tråd med eigen kompetanseplan.
- Skapa gode vilkår for eksisterande og nye friskular.
- Tilby sommarskule til elevane i ungdomsskulen som er motivert for å skaffa seg den kunnskapen som må til for å fullføra vidaregåande utdanning
- Dette tilbodet skal tilbydast i samarbeid med Hordaland Fylkeskommune.
- Gje likebehandling av private og offentlege barnehagar.
- Fremje sak om utgreiing av behov for kommunal kontantstøtte dersom statleg støtteordning fell bort.
Helse, omsorg og sosialtenester
- Gjennomføra eit kompetanseløft for tilsette i omsorgssektoren.
- Sikra bustader for personar som har behov for oppfølging innan rusomsorg, og personar med behov for butrening og tilrettelegging.
- Eit slikt lågterskeltilbod skal sjåast i samarbeid med Region Vest, NAV og frivillige organisasjonar.
- Leggja til rette for eit differensiert tilbod innan omsorgssektoren, slik at eldre kan få bu i eigen heim eller omsorgsbustad.
- Setje i gang bygging av rehabiliteringsbygget på Straume, med 20 nye sjukeheimsplassar.
- Etablere fleire omsorgsplassar med heildøgnbemanning på Kvednatunet.
- Leggje til rette for både kommunale og private løysingar innan drift av sjuke- og pleieheim.
- Leggje til rette for bustader med døgnbemanning for yngre fysisk funksjonshemma som treng døgnkontinuerleg pleie.
- Sikra bustad med døgnbemanning til unge/vaksne funksjonshemma/utviklingshemma.
- Vidareføre prosjekta med ”Homestart”/Basecamp og ”Betre vern om born”
- Fremja eit rusfritt oppvekstmiljø ved å revidera rusmiddelplanen og ha ein gjennomgang av dei alkoholpolitiske retningslinene.
- Effektiv kontroll med alkoholomsetning og bruk av strenge sanksjonar for brot på lovar og reglar.
Utvikling av grendene
- Kartleggje det potensialet den einskilde grend har for bustadbygging og næringsutvikling.
- Dette arbeidet skal gjennomførast i samband med kommunens arealplan.
- Arbeide for auka bustadbygging i grendene våre for å sikra livskraftige lokalsamfunn.
- Gebyrregulativet skal gjennomgåast for å tilpassast den endringa i bustadutbygginga kommunen har i dag.
Kysten vår
- Styrka respekten for eigedomsretten.
- Etablere offentleg tilgjengelege utsetjingsplassar for småbåtar.
- Regulera inn fleire naustområde i kommuneplanen sin arealdel.
Samferdsel
- Arbeide konstruktivt for at nytt Sotrasamband kan realiserast snarast.
- Bompengesøknad for nytt fastlandssamband må sendast innan utgangen av 2012. Dette er viktig for å sikre framdrifta av prosjektet.
- I tida fram mot ferdigstilling av nytt Sotrasamband må ein del strakstiltak setjast i verk for å betre trafikkflyten.
- Arbeide for at ferdig regulerte vegstrekningar vert prioriterte på fylkeskommunen sin handlingsplan for fylkesvegar.
- Utbetring av nye vegstrekningar må skje i samråd med relevante aktørar, mellom anna BKK og FjellVar.
- Trafikksikringsplanen skal reviderast i byrjinga av kommunestyreperioden og skal gjennomgåast saman med skule, foreldre (FAU) og velforeningar. Vi vil forsetje arbeidet med å lage reguleringsplanar for trafikkfarlege skulevegar for dei strekningane trafikksikringsplanen prioriterer.
- Styrkja fokuset på trafikktryggleik i samband med utbyggingsavtalar for nye bustadområde.
- Kommunen må sørgje for ei styrt utvikling som tek omsyn til infrastruktur og kapasitet i skule og barnehagar.
- Administrative innspel om kva tiltak ein utbyggingsplan skal innehalde må fremjast ved oppstart av reguleringsarbeidet.
- Byggja parkeringsplassar for å betre overgang frå bil til buss i fleire delar av kommunen.
Arbeidsplassar og næringsutvikling
- Ved revisjon av kommunen sin arealplan skal det setjast av attraktive område for ulike typar næringsverksemd.
- Arbeida for oppstart og gjennomføring av regulering for Vindeneskvarven og andre område til industri og hamneføremål.
- Arbeida for at vestsida av Fjell kommune, med sine unike eigenskapar, kan verta utvikla for næringsformål.
- Betre tilgangen på arbeidskraft og kunnskapsarbeidarar i samråd med næringslivet i regionen.
- Det skal ikkje innførast eigedomskatt i komande periode.
Kultur, idrett og frivillig arbeid
- Etablere nye lokale i Nordre Fjell som ungdomsklubb for ungdom frå heile vestsida av kommunen.
- Revidera dei kommunale tilskotsordningane til frivillige lag og organisasjonar for å sikra eit mest muleg rettferdig system.
- Sikre tilbod for ungdom som ikkje tek del i organiserte fritidsaktivitetar gjennom lag og organisasjonar. Det skal planleggjast for skaterampe sentralt på Straume eller Ågotnes i nærleik til møteplassar for unge.
- Kommunen sine naturgjevne føresetnader for kystkultur og friluftsliv skal utnyttast og vidareutviklast.
- Arbeide for ei driftsform av alle idrettsanlegg – både private og offentlege – som sikrar likskap mellom laga.
Organisering av administrasjon
- Vidareutvikle, effektivisera og forenkle den administrative organiseringa av kommunen slik at resultateiningane vert meir oversiktlege.
- Administrasjonen skal ha rask og brukarvenleg tenesteyting overfor kommunens innbyggjarar.
Regionalt samarbeid
- Styrkja og vidareutvikla Region Vest.
Miljø
- Fylgja opp og revidere kommunen sin Energi-, miljø- og klimaplan.
- Støtta opp om miljøvenlege tiltak i regi av FjellVar, for eksempel avfall som ressurs, og gjenbrukshall.
- Støtte opp om arbeid med forsking og utvikling på alternative energikjelder som er tilgjengelege i vår region, for eksempel energi frå havet.
- Arbeide for at kommunen blir miljøsertifisert.
Samarbeidspartia (Fremskrittspartiet, Kristeleg Folkeparti og Høgre) skal i komande kommunestyreperiode følgje dei verdiar og tiltak som går fram av denne politiske plattforma. Partia som deltek i samarbeidet skal samstundes ha høve til å synleggjere og fremje det einskilde parti sin politikk og ideologiske standpunkt.
På vegne av partia Fremskrittspartiet, Kristeleg Folkeparti og Høgre:
Dato: 03.10.2011
Vidar Arnesen, Odd Bjarne Skogestad og Eli Årdal Berland.