Val logoValdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet er i år fastsett til måndag 12. september.
Dersom du ikkje kan møta fram i vallokalet på valdagen, kan du røyste på førehand f.o.m. 10.august t.o.m. 9. september. Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ønskjer.
Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregisteret, hugs å røyste så tidleg at røysta når fram til heimstadkommunen din gjennom posten innan valdagen. Hugs å ta med deg legitimasjon og valkort, dersom du har fått valkort tilsendt.
Tid og stad for førehandsrøysting finn du nedanfor:
Servicetorget, Fjell rådhus
Måndag - fredag kl 0800 – 1530
Utvida opning: tysdagar til 1720
Fjell folkeboksamling, Sartor senter
Mandag, onsdag, fredag kl 1100-1600
Tysdag og torsdag kl 1100-1900
Laurdag 1000-1400
Utvida opning: fredag 09.09 kl 2100
På institusjonane:
Kvednatunet: tysdag 06.09.
kl 1000-1200
Fjell sjukeheim og Straume BSS
Tysdag 06.09 kl 1400 - 1600
På Sotra vgs. avd Bildøy
Ons 07.09 kl 1200 - 1400