Val logoStår du i manntalet?
For å kunne røyste ved valet 12. september 2011 må du vere innført i manntalet. Dette kan du kontrollere når manntalslistene no er lagt ut for ettersyn fram til valdagen.
Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteken hos folkeregisteret innan 30. juni 2011, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du velje om du vil røyste på valdagen i den kommunen du har flytta frå, eller om du vil førehandsrøyste.
Står ikkje namnet ditt i manntalslistene som er lagde ut, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Valstyret vil retta feil i manntalet så lenge det er praktisk mogeleg fram til valdagen.
Manntalslistene vert lagt ut på desse stadene:
- Servicetorget, Fjell rådhus
- Folkeboksamlinga, Sartor Senter
- Post i butikk Ågotnes
- Post i butikk Fjell
Adressa til valstyret:
Fjell valstyre
Postboks 184
5342 Straume
Tel. 55096000