Google
Skriv ut print

Automatisk freda kulturminne - løyve til inngrep

Generelt

Omtale

Alle kulturminne eldre enn år 1537 og alle samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn. All byggje- og anleggsverksemd kan ha innverknad på automatisk freda kulturminne. Dersom du har eit slikt kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, øydeleggje, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne)så tidleg som mogleg før tiltaket blir sett i verk.

Målgruppe

Privatpersonar eller verksemder som skal setje i gang mindre tiltak.

Kriterium/vilkår

Gjeld tiltak som for eksempel grøfting, skogplanting, bygging av hytte, garasje osv.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Riksantikvaren har utarbeidd nærmare retningsliner.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du vil ha nærmare informasjon om ordninga, eller dersom du er usikker på kva som er eit mindre, privat tiltak.

Vedlegg

Gje ei forklaring av planen/tiltaket. Tiltaket må vere omtala med både tekst og kart/teikning.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Send søknaden til

Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen/Sametinget. Dei vil ta stilling til om tiltaket er i konflikt med automatisk freda kulturminne, og i tilfelle sende saka vidare til Riksantikvaren.

Saksbehandlingstid

Fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg.

Søknadsbehandling

Det kan vere aktuelt med synfaring og registrering av kulturminna. Det er ofte ein fordel å gjere dette når det er fritt for frost og snø. Fylkeskommunen/Sametinget vurderer søknaden, og sender tilrådinga si til Riksantikvaren. Riksantikvaren gjer vedtaket sitt, og gjev løyve eller nektar tiltaket. I vedtaket kan det bli stilt vilkår om arkeologisk utgraving der tiltakshavaren må dekkje kostnadene. Du kan søkje om støtte til dette, sjå tenesteomtale "Automatisk freda kulturminna – tilskott til arkeologiske undersøkingar".

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket frå Riksantikvaren om å gje løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du klage på dette. Klagefristen er 6 veker. Klaga skal sensast til Riksantikvaren, som skal vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, blir klaga sendt vidare til Miljøverndepartementet.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
18.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom