Google

Avlasting

Generelt

Omtale

Retten til avlasting gjelder alle med særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Tenesta skal:

  • hindre utmatting
  • gjere det mogeleg å oppretthalde gode familierelasjonar
  • bevare sosiale nettverk
  • ta del i vanlege samfunnsaktivitetar

Målgruppe

Tenesta omfatter alle som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid både:

  • frivillige omsorgsytarar t.d. ektefelle, barn eller anna familie
  • foreldre med omsorgsplikt for mindreårige barn

 

Avlastinga kan organiserast på ulike måtar:

  • heime hos tenestemottakar
  • avlasting i private heimar
  • i avlastingsbustad / sjukeheim
  • dagopphald

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta, jf. Helse- og omsorgstjenesteloven §3.1 og § 3-2, 6d.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengjande sjølv kan søkje om avlasting.

Send søknaden til

Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume. Søknadsskjema.

Høve til klage

Både omsorgsgjevaren og den hjelpetrengande kan klage på vedtaket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok vedtaket.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
13.03.2013
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom