Omtale
Avløysarordningane er ein del av velferdsordningane i landbruket.
Tilskott kan gjevast til avløysing ved:
- ferieavvikling
- sjukdom
- svangerskap/fødsel/adopsjon
- følgje av sjukt barn til behandling
- dødsfall i nær familie
Tilskottet kan gjevast for å dekkje faktiske utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren. Avløysaren må vere minst 16 år og kan ikkje ha næringsinntekt frå føretaket eller vere ektemake/sambuar til ein som har næringsinntekt frå føretaket.
Kriterium/vilkår
Tilskot kan gjevast føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret og
- er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller
- har hatt ei samla omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadene før registreringsdato