Google
Skriv ut print

Bading

Generelt

Omtale

Fjell kommune har for tida ikkje tilbod om offentleg bading, men er i tingingar med lag/organisasjonar om drift av badevaktordning på Straume terapibasseng og for offentleg bading i Ågotnes og Bildøy symjebasseng. Før vi har klar ei avtale om drift av badevaktordning vert også det midlertidige kommunale tilbodet med offentleg bading i Ågotnes symjebasseng stengt.

Det vert informert på Fjell kommune sine nettsider så snart ei ordning med offentleg bading kan starte opp att.

Symjehallen på Ågotnes - Ågotnes skule

Symjehallen på Ågotnes vert stengt for offentleg bading frå og med 12. april og inntil vidare.

Basseng på Bildøyna - Fjell Ungdomsskule

Er førebels ikkje open for offentleg bading. Endring vert informert om på denne nettsida. Bassenget vert leigd ut til lag og organisasjonar i vårhalvåret 2012.

Bassenget på Ulveset - Ulveset skule

Er ikkje open for offentleg bading, men vert leigd ut til lag og organisasjonar i vårhalvåret 2012.

Terapibassenget på Straume terapisenter - Blombakkane 7, Straume

Er ikkje ope for offentleg bading, men vert leigd ut til lag og organisasjonar med trong for ekstra oppvarma basseng (Søknadsfrist 1. mai kvart år).

For spørsmål om utleie av symjebasseng og terapibasseng – sjå her.

Målgruppe

Alle

Pris for tenesta

Bilettsal ca. eit kvarter før vi slepp inn. Tida i mellom puljene er garderobe tid.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
30.04.2010
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom