Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Det skal sendast eitt skjema for kvart barn det blir søkt om plass for.
Vedlegg
Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden når det gjeld born med lovfesta rett til prioritet.
Søknadsfrist
Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mars, men ein kan søkja barnehageplass heile året.
Send søknaden til
Fjell kommune Servicetorget postboks 84 5342 Straume
Saksbehandlingstid
Kommunen har eitt hovudopptak.
Hovudopptaket starter i mars/april og tilbyr då plasser med oppstart frå nytt barnehageår som starter i august mnd. Dersom det vert ledige plassar ellers i året, tilbyr vi plass til dei som står på venteliste.
Søknadsbehandling
Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria. Ein skal leggje stor vekt på ønska og behova til brukarane ved opptaket. Ved det årlege hovudopptaket skal søkjarane få skriftleg melding om og i kva barnehage dei har fått tilbod om plass. Søkjarar som ikkje har fått oppfylt det første ønsket sitt, skal ha rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen.
Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med lovfesta rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.
Søkjarar som ikkje får oppfylt korkje første eller andre ønske om barnehageplass, kan krevje ei skriftleg grunngjeving.
Vi oppmodar at du bruker elektronisk søknadsskjema
Etter søknad er registrert får søkjar skriftleg tilbakemelding om korleis søknaden er behandla. Du blir kontakta av barnehagestyrar så snart ein plass kan tilbydast. Styrar i kvar barnehage gjer opptak i samarbeid med Servicetorget i Fjell kommune.
Intensjonsavtale-samarbeid innen barnehagesektoren mellom Bergen kommune og Fjell kommune
Formål: Bergen kommune og Fjell kommune har felles målsetting om at førskolebarn skal ha tilbud om barnehageplass uavhengig av boligkommune. Barn fra Bergen kan innvilges plass i barnehagene i Fjell. Barn fra Fjell kan innvilges plass i barnehagene i Bergen når Bergen oppnår full dekning.
Opptak: Begge kommuner vil på sine hjemmesider informere om samarbeidet og om mulighetene til å søke plass i begge kommuner. Barnehagene må informeres om samarbeidet slik at den enkelte barnehage sin opptakskrets kan tilpasses avtalen.
Økonomi: Så lenge finansieringen av barnehagdriften består av øremerkede statstilskudd, kommunale tilskudd og foreldrebetaling, vil der ikke skje noen økonomisk overføring mellom kommunene. Bergen kommune og Fjell kommune forplikter seg til å vurdere om det skal inngås ny avtale fra det tidspunkt statstilskuddet blir innlemmet i det ordinære inntektssystemet. Da vil hele barnehagesektoren finansieres av kommunens frie inntekter, samt foreldrebetaling. Fra dette tidspunktet vil kommunens inntekter være knyttet opp mot antall barn som bor i kommunen, og ikke som nå, antall barn i barnehagene.
Høve til klage
Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt korkje det første eller andre ønsket sitt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har lovfesta rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.
Dersom kommunen finn at barnet skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.
Søkjar kan klage etter Forvaltningslova § 28.2 dersom han meiner at søknaden er feil behandla. Politisk arbeidsutval (PAU) er klageinstans
Merknader
Oppseiing/endring av barnehageplass og overføring til anna barnehage:
Plass som er tildelt kan behaldast til barnet tek til på skulen eller foreldra sjølve seier han opp. Oppseiing av plassen skal gjerast skriftleg og leverast barnehagen. Reglane for oppseiing og betaling gjeld frå føresette stadfestar at dei tek i mot plassen.Gjensidig oppseiingsfrist er ein mnd. frå den 01. i kvar månad. Dersom barnet sluttar etter 30. april, må det likevel betalast ut juni.
Dersom barnet har plass i ein barnehage er det høve til å søkje overføring til anna barnehage. Det kan også søkjast om endring i plasstype. Det er utarbeidd eit eige skjema for oppseing / endring av plasstype og overføring til anna barnehage.