Omtale
Å vere besøksheim inneber å ta imot barn/ungdom éin eller fleire helgar per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen som barnet har hos sine biologiske foreldre.
Målgruppe
Einslege, par og barnefamiliar.
Kriterium/vilkår
Det blir ikkje stilt krav om formell utdanning for å bli besøksheim, det er kor eigna personane er, det blir lagt størst vekt på. Det er viktig at besøksheimen har trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom. Besøksheimen kan gjerne ha eigne born.