Omtale
Forskotskatt
Ønskjer du å starta eiga verksemd, må du registrera deg som sjølvstendig næringsdrivande. Sjølvstendige næringsdrivande og deltakarar i ansvarlege selskap skal betale forskotsskatt. Det vil seie at du sjølv er ansvarleg for å betale skatt av inntektene dine når dei oppstår.
For å få berekna storleiken på forskotsskatten må nye enkeltpersonføretak og ansvarlege selskap anslagsvis oppgje til likningskontoret kor mykje inntekt dei reknar med å få. Likningskontoret vil så skrive ut forskotskatt på bakgrunn av dette. Ved seinare år vil tidlegare års inntekt leggjast til grunn for fastsetjinga. Likningskontorets fastsetjing kan påklagast, men forskotskatten forfell likevel til fastsett tid, sjå lov om betaling av skatt av 21.nov, nr. 2 1952 § 30, (http://lovdata.no/all/tl-19521121-002-006.html#30). Ved misleghald vil Kemneren setje i verk innkrevjingstiltak.
Betaling skjer til kontonummer 7855.05.12466. Kid – nummer kan du få laga ved å nytta lenka til høgre.
Tilleggskatt
Den førebels utrekna skatten din for det aktuelle inntektsåret vert sendt deg saman med sjølvmeldinga i april året etter inntektsåret; i avrekningsåret. Der vil det gå fram om du har betalt for mykje eller for lite skatt i inntektsåret. Har du betalt eller blitt trekt for lite, har du høve til å betale det resterande innan 30. april for å unngå renter. Dette vert kalla tilleggsforskot. Dersom tilleggsforskot ikkje vert betalt innan fristen, vil det bereknast rente av manglande beløp, sjå forskrift av 26.02.1999 nr. 272 om rentegodtgjørelse og rentetillegg av skatt m.v. kap. 2, (http://lovdata.no/for/sf/fd/td-19990226-0272-003.html).
Målgruppe
Sjølvstendige næringsdrivande og deltakarar i ansvarleg selskap.
Pris for tenesta
Dersom det blir sett i verk tvangsinnkrevjing, kjem det til kostnader i form av innfordringsutgifter.
Samarbeidspartnere
Frå 1. januar 2008 er Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret blir samla i éin organisasjon regionalt: skattekontoret.
Skattekontoret fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemnar/ kommunekasserar) tar seg av innbetalingar og innkrevjing. Meir informasjon finn du på www.skatteetaten.no, søk på forskottsskatt.