Omtale
Når skatten ved likninga utgjør eit større beløp enn det forskotstrekk og utskrevet forskotsskatt som skal godskrivast skattytar, blir det manglande å innbetala som restskatt, sjå lov om betaling av skatt av 21. nov 1952 nr 2 § 23 (http://www.lovdata.no/all/tl-19521121-002-004.html#23). Restskatt under kr 100 krevjast ikkje inn. Restskatt over kr 1.000 forfell i to like store terminar.
Restskatt skal innbetalast til fastsett tid sjølv om likninga er påklaga, sjå lov om betaling av skatt av 21. nov 1952 nr 2 § 30 (http://www.lovdata.no/all/tl-19521121-002-006.html#30). Betalast ikkje restskatten til fastsett tid, må det svarast forseinkingsrenter av manglande beløp, sjå lov om betaling av skatt av 21. nov 1952 nr 2 § 31 med tilhøyrande forskrifter (http://www.lovdata.no/all/tl-19521121-002-006.html#31).
Betaling skjer til kontonummer 7855.05.12466. Kid – nummer kan du laga ved å nytte lenken til høgre. Ved betalingsmisleghald vil tvangsinnkrevjing setjast i verk.
Pris for tenesta
Betalast ikkje restskatten til fastsett tid, må det svarast forseinkingsrenter av manglande beløp, sjå lov om betaling av skatt av 21. nov 1952 nr 2 § 31 med tilhøyrande forskrifter (http://www.lovdata.no/all/tl-19521121-002-006.html#31).
Ved tvangsinnkrevjing kjem det til kostnader i form av innfordringsutgifter.
Samarbeidspartnere
Frå 1. januar 2008 er Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret blir samla i éin organisasjon regionalt: skattekontoret.
Skattekontoret fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemnar/kommunekasserar) handterer innbetalingar og iverkset innkrevjing.