Omtale
Tenesta omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for menneske med nedsett funksjonsevne. Innafor dei timerammene som vedtaket i kommunen gir, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(-ane) skal gjere, og kor og til kva for tider hjelpa skal givast. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i funksjonshemminga.
Kriterium/vilkår
Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.