Omtale
Dersom du ønskjer å få gjennomført eit tiltak som medfører bruksendring av bustaden/bygningen din, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet frå kommunen. Ei bruksendring kan for eksempel vere å etablere eit eige husvære i underetasjen på bustaden, der det før har vore soverom, hobbyrom eller liknande. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess ("ansvarleg søkjar"). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt.
I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). Sjå eiga tenesteomtale.
Kriterium/vilkår
For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjend av kommunen.
Desse vilkåra må vere oppfylde:
- Nabovarsling må vere gjort (sjå eiga tenesteomtale)
- Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan