Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for åfå hjelp til å søkje om fritak for eller utsetjing av bu- og driveplikta.
Søknadsfrist
Søknad om utsetjing eller fritak må sendast innan 1 år frå overtakingsdatoen.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak.
Søknadsbehandling
Frå 1. januar 2004 fekk kommunen utvida styringsrett til også å avgjere saker etter blant anna odels- og konsesjonslova. Det er no kommunen som gjer vedtak som første instansen i desse sakene.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er fylkeslandbruksstyret. Før klaga blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til fylkeslandbruksstyret.