Omtale
Skal du føre opp ny bustad på eiga tomt, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess ("ansvarleg søkjar"). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført, og alle handverkarane (firmaa) ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde.
I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar).
Kriterium/vilkår
For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjend av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylde:
- Nabovarsling må vere gjort
- Bustaden må plasserast etter dei generelle krava i plan- og bygningslova og ev. byggeliner i regulerings- eller utbyggingsplan. Estetisk utforming må tilfredsstille generelle krav i plan- og bygningslova og ev. tilsvisingar i regulerings- eller utbyggingsplan
- Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
- Tiltaket må elles ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan