Omtale
Bygdeutviklingsmiddel som blir reserverte til dette formålet gjennom jordbruksavtalen, skal leggje til rette for næringsutvikling i jordbruket, desentralisert busetjing og like vilkår for kvinner og menn.
Bygdeutviklingsmiddel er delte inn i to hovudgrupper:
- Middel til utgreiings- og tilretteleggingstiltak som kommunar, lag og organisasjonar kan søkje på, og som blir forvalta av Fylkesmannen (blir ikkje omtala nærmare her)
- Middel til bedriftsretta tiltak som den enkelte gardbrukaren kan søkje på, og som blir forvalta av distriktskontora til Innovasjon Noreg
Bedriftsretta tiltak kan vere:
- Etablerarstipend (oppstart av tilleggsnæring)
- Planlegging av tilleggsnæring
- Bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring)
- Investeringar (bl.a. opprusting og nyinvestering i driftsbygningar og bygningar for tilleggsnæring)
- Generasjonsskifte (nødvendige tiltak i driftsbygningar osv. i samband med generasjonsskifte)
- Praktikantordningar
Målgruppe
Landbruksføretak og føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.
Kriterium/vilkår
Søknaden blir vurdert ut frå dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeidde av Innovasjon Noreg.
Samarbeidspartnere
Fylkesmannen utarbeider den regionale strategien for bygdeutviklingsmidla. Denne strategien dannar igjen grunnlag for dei fylkesvise retningslinjene som distriktskontora til Innovasjon Noreg utarbeider.