Omtale
Det er eit allment byggje- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggjegrenseavstand). Kommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg. Dette er særleg aktuelt når det gjeld oppføring av bygningar, men det gjeld også hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikta.
Kommunen behandlar og godkjenner søknad om:
- dispensasjon frå dei alminnelege byggjegrensene i veglova
- dispensasjon frå byggjegrenser som er fastsette i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)
- løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
- løyve til å strekkje leidning over eller langs veg
Målgruppe
Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransje
Kriterium/vilkår
Dersom området er regulert, er byggjegrenseavstanden som regel fastsett i reguleringsplanen. Er området ikkje regulert eller planen ikkje har byggjegrenser, gjeld dei føresegnene om avstand som står i veglova.
Dersom tenesta også er fremja i ein byggjesøknad, blir ho behandla i byggjesaka. Aktivitetsforbodet gjeld nybygging i vanleg forstand, men også alt anna som varig, sesongmessig eller uregelmessig kan førast opp, lagrast eller plasserast innafor forbodsbeltet.
Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innreiing det er snakk om. Det avgjerande er kravet til fri sikt og trafikktryggleiksvurderingar elles og behovet for å reservere ein romsleg kanal gjennom landskapet til forskjellige vegformål. Når det gjeld løyve til å leggje leidningar over/under og langs veg, vil avgjerda dreie seg om kor kryssinga skal skje, og om vilkår elles for å gje løyve.